Dalane Tidende årets lokalavis

Dalane Tidende er kåra til årets lokalavis. Avisa tok i mot prisen under Landslaget for lokalaviser (LLA) sitt landsmøte i Kristiansand i helga.

Dalane Tidende kjem ut i Egersund. Avisa hadde eit godkjent opplag i 2011 på 8160. og gler abonnentane sine kvar måndag, onsdag og fredag. Journalist Keth Odland takka for prisen, og uttrykte stor glede for å vera den utvalte i den store, og stadig veksande  LLA-familien. - Det er overraskande, men sjølvsagt svært gledeleg. Eg trur ikkje vi har gjort noko ekstraordinært det siste året, men det er tydeleg at hardt og målretta arbeid over tid har betalt seg godt. Askøyværingen og Solabladet fekk heiderleg omtalar i Årets lokalaviskonkurranse. På LLA sitt landsmøte i Sørlandsparken i Kristiansand blei også følgjande andre prisar delt ut:

  • Årets lokalavisfoto: Bladet Sunnhordland
  • LLAs journalistpris: Arild Bjørnbakk, Saltenposten
  • Marknadsprisen: Hallingdølen
  • Årets lokalavisside: Bygdanytt

Les mer her.