Hallingdølen årets lokalavis i Europa

Natt til mandag vart det offentleg kjent at Hallingdølen er kåra til Europas beste lokalavis av European Newspaper Award. Prisutdelinga vil finne stad i Wien under «European Newspaper Congress» i mai 2014.

– Me gjekk til topps i NM – og no i EM, seier ein strålande glad redaktør Bjarne Tormodsgard til eigen avis. 
Hallingdølen har hatt eit svært godt pris-år. Norges beste lokalavis, mestvinnande avisa i Society for News Design Scandinavia, sportsportrett vart kåra til beste programserie for web-TV under Årets Mediedager i Bergen, og videopris under «Gull og Gråstein»-konferanse.
Juryen i European Newspaper Award har lagt vekt på at Hallingdølen trekkjer fram folk i sakene sine. I tillegg er sakene visuelt godt framstilt. Juryen trekkjer fram at journalistane i Hallingdal nyttar fotoreportasjen og visuell historieforteljing som eit dagleg virkemiddel i jobben sin. Dette får dei skryt for. Avisa haustar også lovord for sine magasin og reportasjar, og design på dette. Visuell historieforteljing på sitt beste, står det å lese i bedømminga. I tillegg trekkjer juryen fram at Hallingdølen har jobba fram nye digitale løysingar, med utgjeving på fire kanalar – papir, nett, telefon og iPad.

I år er dei beste avisene i Europa frå Norge, Nederland, Portugal, Russland og Tyskland. 211 aviser frå 25 land har delteke i konkurransen som blir arrangert for 15. gong. Avisa Leeuwarder Courant frå Nederland fekk prisen for beste regionsavis. Den nederlandske avisa De Volkskrant fekk prisen for beste riksavis. Tyske Welt am Sonntag fekk prisen for beste vekeavis. I tillegg haustar aviser prisar for design i fleire kategoriar.
Juryen i år kjem frå Norge, Danmark, Nederland, Belgia, Sveits, Austerrike, Hellas og Tyskland. Les meir her.