Snart frist for nynorsk journalistpris

Om ein snau månad går fristen ut for å kome med framlegg til vinnar av Nynorskprisen for journalistar 2014.

Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar har vore delt ut sidan 2006, og mellom prisvinnarane er Linda Eide, Odd Reidar Solem, Hilde Sandvik, Katrine Sele, Ronny Brede Aase og Kjell-Erik Kallset, for å nemne nokon. Tirsdag 1. april er fristen for å kome med framlegg til prisvinnar for 2014. Juryen ynskjer særleg å nå redaktørane, som kanskje veit best kva eigna folk dei har i arbeidsstokken. Juryen for prisen er ny av året. Håkon Haugsbø er leiar, og han har med seg Agnes Ravatn og Svend Arne Vee. Magni Øvrebotten er sekretær for juryen, eit verv som var departementet si gåve til NRK Nynorsk mediesenter då det blei starta i 2004. Senteret driv med opplæring av nynorskbrukande journalistar, og har per dags dato sendt frå seg 95 slike. Vel 70 prosent av dei arbeider i media. Les meir her.